Kongens fortjenestemedalje til Kenneth Bruvik.
Kenneth Bruvik er tildelt Kongens fortjenestemedalje. Medaljen vart overrekt under eit arrangement den 22. februar. Medaljemottakaren vert seinare invitert til mottaking på Slottet. Kenneth Bruvik får medaljen for hans særlege samfunnsnyttige innsats innanfor sosialt arbeid og berekraftig miljø. Bruvik (56) er tilsett som instruktør i Norges Jeger og Fiskerforbund Hordaland.
Forslagsstillar Gunnar Buvik seier at det er særleg innan tre område Kenneth Bruvik har utmerkt seg. Det er i prosjektet TAM (Trygghet, Ansvar og Mestring) som er eit alternativt undervisningsopplegg i regi av NJFF der ein nyttar naturen og friluftslivet som ein alternativ arena for ungdom som treng avveksling frå tradisjonelt skulearbeid. Han har også vore ein frontfigur i kampen mot plastforureininga i havet og kjempa for å bevara villaksen.
– Kenneth Bruvik har arbeidd med dette i fleire ti-år, og framleis er engasjementet på topp. Kenneth har lagt ned ein innsats som ligg vesentleg over det ein kan forventa, seier Gunnar Buvik.
Medaljemottakaren har også engasjert seg in frivillige organisasjonar som Sotra Rotary Klubb og The Plastic Whale Heritage. I kjølvatnet av funnet av ein kval med store mengder plast i magesekken i 2017, vart det etablert ei eiga «plastgruppe» i Sotra Rotary. Han har fått fleire prisar for engasjementet sitt, mellom anna «Fiskeridirektoratets Miljøpris 2018» for å ha skapt og vedlikehalde eit stort engasjement både lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å få merksemd om forsøpling og «Gullaksen 2018» for sitt engasjement for å redda villaksen.
I serien «Plasthavet» på NRK i 2021 var Kenneth Bruvik programleiar. I programmet vart det stilt spørsmål om kva som skjer med naturen, dyra og omgjevnadene rundt oss når plasten endar opp over alt.
Medaljen vart overrekt på eit arrangement på Kystmuseet den 22. februar.